Kolonnekøyring på Hol - Aurland

STENGD: Slik ser det ut ved bommen ved Hola på Vikafjellet klokka 06.04 i dag, torsdag.

STENGD: Slik ser det ut ved bommen ved Hola på Vikafjellet klokka 06.04 i dag, torsdag. Foto:

DEL

På strekninga Hol-Aurland er det kolonnekøyring på grunn av uvêr, meldte Vegvesenet klokka 9.55.

Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr.

Strekninga Årdal - Tyin er stengd.

Filefjell er opent. Her er det snø- og isdekke. Klokka 05.35 ver det minus 3 grader, laber bris og snø.

Strynefjellet er opent. her er det vekslande tynn is, snø- og isdekke, med fare for glatte parti. Klokka 05.30 var det minus 3 grader, søraustleg frisk bris, skya og snøbyer.

Haukelifjell er opent. Her er det snø- og isdekke. Klokka 05.00 var det minus 5 grader, lett bris og skya.

Hemsedalsfjellet er opent. Her er det snø- og isdekke. Klokka 05.55 var det minus 4 grader, svak vind og lette snøbyer.

På Hardangervidda er det kolonnekøyring. Det er kring to timar ventetid på kolonne for dei kjem i frå vest, melder Vegvesenet klokka 12.57.

OPENT: Filefjellet er opent. Slik ser det ut ved Smedalen på Filefjell klokka 06.04 i dag, torsdag.

OPENT: Filefjellet er opent. Slik ser det ut ved Smedalen på Filefjell klokka 06.04 i dag, torsdag. Foto:

Artikkeltags