Kolonnekøyring på grunn av uvêr

Vinterferien er i gang for mange, og ikkje alle stadar er det like lett å ta seg fram.

DEL

Vikafjellet har kolonnekøyring på grunn av uvær. Det same har Hardangervidda, skriv Statens vegvesen på nett.

På riksveg 15 over Strynefjellet er det ope, men snø og isdekke, og fare for glatte parti. Det vert også åtvara mot elg som kryssar vegen.

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det sju minusgrader, lite vind og opphaldsvêr fredag kveld. Det er snø og isdekke i vegen.

På fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er det også sju minusgrader, men der bles det liten kuling og snøvêr.

Vegen over Filefjell har snø og isdekke. Der er minus seks grader, lett bris og opphaldsvêr ved starten av vinterferiehelga.

Artikkeltags