TRAFIKKULUKKE: To bilar har kollidert i Njøsavegen i Leikanger. (Foto: Terje Eggum)

Kollisjon i Njøsavegen

To personar involverte.

Publisert 10.09.2019 kl. 16.43. Oppdatert kl. 18.12.

- Politi, brann og helse har rykka ut til ei trafikkulukke i Njøsavegen i Leikanger, seier Terje Birkeland, ved alarmsentralen.


- To bilar skal ha kollidert front mot front. Den eine bilen er ikkje køyrbar, seier Dag Olav Sætre, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.


Det skal ikkje vera snakk om alvorlege personskadar.


- Airbaggane i begge bilane skal ha vorte utløyste. Det var ein person i kvar bil, dei skal ha kome seg ut på eighand og skal vera medvitne. Dei to vil få helsesjekk på staden.


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida