Kokepåbod på Årdalstangen

Publisert 10.10.2019 kl. 22.47. Oppdatert kl. 09.02.

Vatnet er ureina, og i samråd med Mattilsynet og kommunelege er det innført kokepåbod, skriv Årdal kommune på sine nettsider torsdag kveld.

Påbodet gjeld husstandane som får vatn frå høgdebassenget i Geisdalen på Årdalstangen.

Kommunen skriv vidare at det vert teke nye prøvar førstkommande måndag, men at svar på desse ikkje vil vera klare før torsdag 17. oktober.


Les meir om: Nyhende Årdal