Gå til sidens hovedinnhold

Knut Henning og Arve inviterer til debatt: – Det er framtida me vil høyra om

Tysdag 7. september arrangerar Sogn Avis saman med Studenthuset Meieriet paneldebatt for listetoppande i Sogn og Fjordane.

– Dette er kandidatane som skal representera oss, og me har direkte påverknad på kven som blir valde ut. Då er det ein fordel at folk som skal stemma har høyrt dei snakka, for det trur eg ikkje alle har, seier redaktør i Sogn Avis, Arve Uglum.

Dette er kandidatane: Torbjørn Vereide (AP), Hege Lothe (SV), Olve Grotle (H), Aleksander Øren Heen (SP), Marius Dalin (MDG), Geir Oldeide (R), Anfinn Sjåstad (Frp), Tore Storehaug (KRF) og Alfred Bjørlo (V).

Paneldebatt

Uglum skal saman med Knut Henning Grepstad leia paneldebatten 7. september klokka 19.30 på Meieriet. Her er det rom for 60 gjester. For dei som vil sjå den frå sofaen vil den bli strøyma på Sogn Avis sin nettstad.

– Me kjem til å vera strikse på at det er hovudpoenga som skal fram. Det at snøen smelta i fjor er ikkje interessant, det er framtida me vil høyra om, seier Grepstad.

Føremål

Sjølv om me no skal senda nokre av representantane til hovudstaden, er føremålet å finna ut kva dei vil gjera for oss som blir att i bygdenoreg. Målsetjing er å belysa kven som er best eigna til å representera oss, og kvifor. Kven det er, finn du sjølv ut av på tysdag.

– Me har høyrt mykje om dei nasjonale tinga, men me skal vri det over til spesifikke tema som gjeld Sogn og Fjordane, slik at veljarane kan seia noko om partia og kvar dei står i saker som gjeld fylke vårt, seier Grepstad.

Kva skal dei debattera?

Tema for kvelden er mellom anna den mykje omtala regionreforma, ombodsrolla for Sogn og Fjordane, samferdsel, klima opp mot industri og landbruk, og utdanning med Sogndal som skulestad. Det vil òg koma ein overrasking i form av ei meiningsmåling. Gled dykk.

– Trur de folk blir klokare?

– Den som vil ta innover seg alt det som kjem fram blir kanskje ikkje klokare, men går derifrå med meir kunnskap før ein skal bestemma seg, seier Grepstad.

Skal ikkje stela showet

For at kvelden ikkje blir for lang har både Uglum og Grepstad lovd at det ikkje er debattleiarane som skal stela showet.

– Det er ikkje problem å halda styr på lengda på spørsmåla, men for at dette skal bli spanande må debattantane vera korte og presise, seier Grepstad.

– Har debattantane blitt informert om dette?

– Me skal ta ein prat me dei om at dei må ha disiplin. Det vert nok krevjande sidan alle er mest opptekne av å ha tida sjølve, og det er naturleg, svarar Uglum, som skal prøva å halda det under to timar.

Kommentarer til denne saken