FIRDA: Knut Arild Flatjord frå Førde er tilsett som konserndirektør for kraftproduksjon i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Flatjord jobbar i dag som regiondirektør for GK på Vestlandet, der han har vore dei siste elleve åra.

No skal han leie SFE produksjon. Selskapet har i dag 70 tilsette, som i hovudsak består av energioperatørar, fagarbeidarar, ingeniørar og kraftanalytikarar. Dei opererer 28 av 31 heil- eller deleigde kraftverk i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Flatjord tar over rolla som konserndirektør etter Ola Lingaas, som går av med pensjon.

– Heilt sidan eg var med å byggje eit eige småkraftverk heime i Stardalen, har eg vore fasinert av kraftproduksjon. SFE har mange dyktige folk og eg har stor respekt for all den kunnskapen som selskapet har. Fornybar energi er i tillegg ein viktig del av klimaløysinga, og eg ser fram til å lære mykje nytt, seier 42-åringen i ei pressemelding frå SFE.