Natt til laurdag vart politiet kontakta av ein vakt utanfor Parken i Gaupne. Ein mann skal ha slått til ein anna mann.

– Patruljen var i kontakt med ein mann som var synleg rusa. Dei fekk nøsta opp i det og kome i kontakt med aktuelle personar. Det hadde vore litt knuffing med partane først og den eine opplyser at den skal ha blitt slått til, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Klokka 05:15 vart det meldt om ein påkøyrt hjort på E16 like ved Flenjatunnelen. Viltnemnda vart varsla.

– Det var ein som kom køyrande som såg hjorten liggja i vegen, seier Kolltveit.