Klatregruppe må hjelpa to turistar ned frå fjellside

DEL

To tyske turistar har gått seg faste i terrenget nær Nigardsbreen i Luster torsdag.

– Dei sit på nokre steinar og kjem seg ikkje vidare. Dei er ikkje skadde, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Dei er oppe i ei fjellside ved parkeringsplassen, opplyser politiet.

Like før klokka 21 var siste melding at klatregruppa var komen fram til turistane, og håpet er at dei får dei ned.

– Men det var litt komplisert å koma til dei, seier Algrøy.

Politiet fekk første melding klokka 18.40 torsdag, og det vart sendt ein patrulje til staden.

Artikkeltags