Klokka 19.29 skriv Hovudredningssentralen (HRS) at to klatrarar har kome ut av ruta si på grunn av dårleg sikt. Dei står no fast på Vesle Skagastølstind.
Klatrarane klatra Skagastølsryggen og fann ut at det var best å avbryta på grunn av dårleg vêr. Dei har no byrja å rappellera ned.
Helikopter frå Florø er sendt ut, men det er ikkje mogleg å fly i området no på grunn av vêret. Ny vurdering vert gjort om ein time.
Vest politidistrikt koordinerer aksjonen og alpin redningsgruppe Jostedalen har tre klatrarar i området.
Klokka 21:50 er redningsaksjonen framleis i gong.
– Det er ei redningsgruppe som tek seg fram til klatrarane no. Det er tåke i området som gjer det vanskeleg, seier redningsleiar Ståle Jamtli hjå Hovudredningssentralen.
– Korleis er situasjonen?
– Me trur det skal gå greitt etter kvart, om det ikkje vert mykje tåke. Me reknar med dette ordnar seg.