Klokka 19:29 laurdag kveld meldte hovudredningssentralen at to klatrarar hadde kome ut av ruta si på grunn av dårleg sikt, og vart ståande fast på Vetle Skagastølstind.
Klatrarane klatra Skagastølsryggen, men det dårlege vêret gjorde at dei måtte avbryta.
Det vart sendt ut helikopter frå Florø, men tåka gjorde det vanskeleg å fly i området. Vest Politidistrikt koordinerte aksjonen og Alpin Redningsgruppe Jostedalen tok seg fram til klatrarane.
Klokka 01:08 natt til søndag meldte hovudredningssentralen på Twitter at klatrarane var henta ned av redningsgruppa og helikopter. Begge var uskadde.
Mellom klokka 23:00 og 06:00 natt til søndag har Vest politidistrikt handtert totalt 28 oppdrag som omhandlar forstyrringar av natteroen, støy, ordensforstyrringar og bortvisingar. Dei fleste i Bergen sentrum, Nordfjord, Nordhordland, Voss og Kvam. Ei relativt roleg natt for politiet.
Det meldte dei sjølv på Twitter klokka 05:45.