Han toppar lista, saman med Bård Flattun Lilleeng på kumulert andreplass, etter nominasjonsmøtet i Luster Høgre.
– Me er ein bra gjeng på lista. Fleire av dei har vore med frå før, nokre er nye, seier Sandvik.
Eit kjapt blikk på lista viser at dei fleste er vaksne, til dels godt vaksne.
– Det har ikkje vore vanskeleg å fylla lista, men me ser at me er overvekt av menn og vaksne folk. Det er fleire yngre som har hatt lyst å vera med, men som er i ein fase i livet der dei ikkje prioriterer politikken. Men me har også småbarnsforeldre med på lista.
Sjå heile lista nedst i saka.
Store ambisjonar
Sandvik kom med i Luster kommunestyre første gong i 2007. Sidan har han vore med, og erfart å både vera i opposisjon og posisjon. Han håpar det vert meir av det siste framover.
– Me har ambisjonar om å bli større enn me er i dag, det må eg sei. Om me har med oss dei valvindane som er no, skal dette vera mogleg.
Høgre har samarbeidd med ulike parti i lustrapolitikken siste åra.
– Me har hatt tett samarbeid på borgarleg side, og hatt felles gruppe med dei sidan 2007. Eg har vore leiar for den heile vegen. Me har ein god tone no også.
Ordførarjobben
Geir Arve Sandvik fyller 57 år i mars, er gift og har tre vaksne barn. Han kallar seg sjølv kjøpmann, og driv ni Euroskobutikkar, hovudsakleg på Vestlandet, i tillegg til Fagernes og Gol. I tillegg er han motorsykkelentusiast, og aktiv i Glacier MC i Luster.
– Eg skal på MC-messa på Lillestrøm. Me er fleire i klubben som dreg på turar saman, og som også tek oss ein dag på messa. Det er både sosialt og kjekt.
Som listetopp for Høgre er han no også klar for ordførarjobben om det skulle laga seg slik etter valet.
– Eg har god og lang erfaring frå lustrapolitikken, og elles i styre og stell. Har også brei erfaring frå næringslivet, der eg har leia eige selskap. Eg trur eg kan vera ordførar for alle, og trur dei fleste oppfattar at dei kan samarbeida med meg.
– Å vera sjølvstendig næringsdrivande slik du er krev mykje tid. Korleis blir det å kombinera det med ordførarjobb?
– Dei fleste ordførarane dei siste åra har vore sjølvstendig næringsdrivande innan landbruket i tillegg. Så det skal nok gå fint. Men eg må sjølvsagt ha andre som tek over oppgåver. Det er ei familiebedrift som går sin gang likevel.
Konkurranse med Ap
I lokalval handlar det ofte like mykje om personar som om saker og partiprogram.
– Ap har også listetopp frå Gaupne, kva tenkjer du om det?
Svaret blir møtt med humring, og eit lite sukk.
– Eg trur at det å ha eit namn som folk veit kven er betyr ein del når ein skal ut og sanka stemmer. Parti betyr noko, og geografi betyr noko. Me kan nok sikkert kjempa om dei same stemmene. Det skal me ikkje sjå vekk frå.
– Senterpartiet har vore store på skulesak i Luster. De i Høgre har fronta nedlegging av skular. Kva trur du det får å seia for valet?
– Per no er det fleirtal for å behalda skulane i Luster. Det er viktig for mange. Men vi ser også at fleire som vil busetja seg i små bygder, vil ha ungane i ein av dei større skulane. Me er for fritt skuleval i kommunen. Om folk buset seg i Marifjøra, bør foreldra få velja om dei vil gå på Indre Hafslo eller i Gaupne. Skulestrukturen har ikkje vore noko tema no, og økonomien var annleis då me diskuterte dette. Økonomien no er relativt god på grunn av kraftprisane, svarar han på beste politikarvis.
Han er innom busetjing og næringsliv som viktige hjartesaker for Høgre i Luster. Men me let valkampen venta litt.
Spennande val
Dei siste to periodane har Senterpartiet hatt fleirtal i kommunestyret. Det trur Sandvik kan snu no.
– Eg blir svært overraska om Sp får reint fleirtal no når Ivar Kvalen gir seg. Toppkandidaten til KrF er eit friskt pust, Ap stiller med nye på topp, sjølv om dei har vore i politikken ei stund. Eg blir vel veteranen på topp, om ikkje Ernst Veum stiller for Frp.
Det er ikkje avgjort enno.
– Det blir nok eit meir spennande val enn Luster har hatt dei siste tre vala. Eg trur det kan verta meir kamp mellom blokkene.
Lista til kommunevalet
Her er to sider med namna til dei som står på lista til Høgre i Luster: