Kjeringi Open er avlyst
– Me ønsker ikkje arrangere eit arrangement som kan trua helsa og tryggleiken til deltakarar, publikum, frivillige og andre. Dette omsynet kjem i fyrste rekke.
Dette skriv arrangøren i ei pressemelding. Dei skriv vidare at etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet vert Kjeringi Open 2020 avlyst.
Løpet i Leikanger, som vert omtala som Vaorens vidlaste eventyr, går frå Kjeringafjedle til Hanahaug kai og skulle etter planen blitt arrangert 18. april.
– All deltakarkontingent vert refundert, slår arrangøren fast.
Kommentarer til denne saken