Kjedekollisjon på E16

Åtte personar involverte.

DEL

Klokka 11.14 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på E16 ved avkøyringa til Jordalen, mellom Stalheimskleivi og Gudvangen.

Tre bilar skal vera involverte i ein kjedekollisjon, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Airbagen er utløyst i ein av bilane. Dei involverte personane er vakne og bevisste, ifølgje politiet.

Tilsaman åtte personar er involverte i trafikkulukka, men det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskader.

Bilane står utanfor vegen, og det er ikkje trafikale problem på staden.

Artikkeltags