SET BALESTRAND PÅ KARTET: Kjartan Lauritzen held konsert i heimbygda 3. oktober. (Arkivfoto)

Kjartan Lauritzen og P3 Gull kjem til Balestrand

3. oktober blir det fest på heimebane.

Publisert 05.09.2019 kl. 17.18. Oppdatert kl. 17.22.

Då kjem artisten og P3 Gull til Kviknes Hotel i heimbygda hans Balestrand. 


Der har Kjartan Lauritzen både trakka sine første steg og jobba timevis som lobby boy. 


- Det blir kjekt å koma heim og spela på familiehotellet der eg har lagt ned mange timar med hardt arbeid, fortel artisten til P3. 


Stjerneskot frå Sogn

 Billettane til konserten er lagde ut og er gratis.


Kvikne sitt alter ego Kjartan Lauritzen blei for alvor kjent i 2015 då låten Havanna blei populær.


Artistkarrieren hans har mellom anna ført til to nominasjonar til P3 Gull i 2017.


- Dei som kjem på konserten kan venta seg god stemning, fine menneske, glede, ekstase, kjærlek og likeverd, seier Lauritzen til P3 i samband med konsertlanseringa.


Topp 5-liste

I same slengen listar artisten opp dei fem viktigaste tinga ein kan oppleva i Balestrand, bygda 120 minutt aust for Måren og 20 minutt sør for Sværen, som kanskje artisten ville sagt.


På Lauritzens si topp fem liste finn ein desse attraksjonane: Det yrande livet i Holmen, Ciderhuset, FiskeMons, Engelskkyrkja og statuen av Kong Bele. 


Siste saker Gå til framsida