- Dette er verkeleg ei stor ære for meg, seier Kjartan Lauritzen etter å fått årets Luttpris. (Foto: Håvard Nesbø)

Kjartan Lauritzen kåra til årets artist

Balestrendingen Per Áki Sigurdsson aka Kjartan Lauritzen fekk årets Luttpris.

Publisert 20.01.2018 kl. 21.47. Oppdatert kl. 14.54.
Den store bransjefesten for musikarar frå Sogn og Fjordane gjekk av stabelen på Larris Scene i Førde laurdag og vart direktesendt av NRK Sogn og Fjordane.
 
Balestrendingen med artistnamnet Kjartan Lauritzen har dei siste par åra teke landet med storm med sitt nære og folkelege vesen. 
 
Det fekk også eit fullsatt Larris Scene erfara, for det var verkeleg fullt trøkk når han og crewet entra scena, ikkje ein men to gonger. Det var ein smilande og glad Lauritzen Sogn Avis møtte etter showet og prisutdelinga.
 
- Dette er verkeleg ei stor ære for meg. Å bli anerkjent i eige fylke som årets artist er utruleg kult. Det var ein tøff konkurranse med mange fantastisk dyktige artistar. Alle burde i grunn fått ein pris.
 
- Eg har eigentleg ikkje så mykje å seia. Men får seia som Paris Hilton ville sagt, Thats Hot! Tusen takk til alle som har stemt på meg, eg set verkeleg stor pris på dette, meir enn de anar.  
(Foto: Håvard Nesbø)

Mange oppturar

Han har spelt for fulle hus og på dei største festivalane i landet, og var blant anna den første bookinga som blei signert på storscena til Slottsfjellfestivalen.
 
Rockefeller var utselt lang tid i førevegen. Prisen han fekk i Førde er eit solid punktum for eit år fyllt med oppturar for balestrendingen.
 
I kåringa har det vore både ein folkejury og ein fagjury i sving. 11 var nominerte, og ifølgje NRK Sogn og Fjordane har 12.500 røysta på nettsidene deira.
 
I finalen om prisen i år var Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago, Oselie, Ketil Thorbjørnsen, Steinar Karlsen, Månevenn, Sjur og Vilde & Anna. 
 
Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og eit stipend frå Sparebanken Vest. 

Les meir om: Nyhende Balestrand