– Me har svært god dekning med breiband i Årdal, men det har vore nokre kvite flekkar. Dei tettar me no, seier Kjartan.

Han sit i arbeidsbilen til Årdalsnett utanfor skihytta til IL Jotun og sveisar saman fiberen som skal koma hytteeigarane i området til gode. Frå før har han og kollega Ivan Øy klatra i stolpar og hengt opp fiberkabelen som knyt saman heile anlegget i Fardalen.

– Eg tykkjer det er ein storarta jobb. Det er heilt suverent å få vera her oppe i fri natur. Her dreg me kablar, klatrar i stolpar og ryddar skog. Det er ein variert, men spennande arbeidskvardag.

Snart ferdige

Fiberen i Fardalen er blitt bygd i år der første steg var frå Øvstetun til Haug, andre steg frå Haug til skisenteret og no frå skisenteret til Åresete.

På den siste strekninga vert det no lagt fiber først og fremst for at selskapet bak Tindevegen skal få høve til å setje opp ein digital bom i området. Frå neste sommar skal det vera eit kamera med skiltregistrering.

– Me ventar å vera ferdige med dette prosjektet 1. oktober. Då skal alle husstandar og hytter ha fått innlagt fiber, og trekt kabelen fram til Åresete slik at alt er klart når bommen kjem, seier Kjartan.

For å få til dette har Årdal kommune søkt om sokalla Nkom-mildar og fått støtte i Vestland fylkeskommune. Dei offentlege breibandmidlane har so langt dekt området fram til siste husstand på Haug, men dekkjer ikkje tilbod til fritidsbustader.

Etter at utbygginga til Haug var gjennomført har Årdalsnett bygd fibernettet vidare frå Haug til Åresete.

– Det er jo fiber som er framtida, og for skihytta så har det med tryggleiken å gjera sidan det er mykje aktivitet her oppe. Det blir også lagt til rette for at dei kan få open wifi rundt og i løypa her, seier Smedegård.

Spleiselag

Økonomien i prosjektet viser at kommunen har fått tildelt 400.000 kroner i Nkom-midlar. I tillegg er det løyvd 350.000 kroner i kommunale midlar. Utbygging av breiband frå Haug til Åresete har gjeve Årdalsnett ein meirkostnad på 250.000 kroner.

I formannskapet gjekk dei folkevalde inn for å løyva 105.000 kroner i ekstra tilskot til utbygging av breiband i Fardalen. Midlane vert dekka av næringsfondet. Resten blir ei kostnadsdeling mellom Årdalsnett, Fjellvegen Årdal – Luster SA og Årdal kommune som dekkjer ein tredjedel kvar.

Thomas Norheim Moen (Sp) melde seg inhabil då saka skulle handsamast i formannskapet ettersom han er dagleg leiar for Årdalsnett. Som sjef for Årdalsnett er han sjølvsagt glad for vedtaket som blei gjort og at dei no er i gang med utbygginga av fiber i Fardalen.

– Me byggjer no ut fiber til totalt 60 adresser. No har me 100 prosent dekning av fiber frå sentrum i Årdal til ytterkanten av kommunegrensa, seier Norheim Moen.

Når prosjektet i Fardalen er ferdig ventar nye og spennande prosjekt for Kjartan og Ivan.

– Då skal me til Skjerdal i Aurland der skal me byggja ut fiber. Så har me tunnelprosjekt og mykje anna, seier han.