KRIGA TIL SEG POENG: Jan Tore Slinde og Syril tok eit sterkt poeng mot Studentspretten og seier seg særs godt nøgde med det.

Kaupanger tapte - Syril redda viktig poeng

1-1 mot Studentspretten heime laurdag.

Publisert 21.09.2019 kl. 18.54. Oppdatert kl. 19.08.

- Alt i alt må me vera nøgde med eitt poeng i dag, Studentspretten er eit meget godt fotballag, Eg er meget stolt av den jobben spelarane gjer i dag, er konklusjonen.


Tungt å springa

Andrè Thorsnes Talle gav heimelaget leiinga etter eit kvarters tid, og det var ikkje før halvvegs ut i andre omgang at Studentspretten svara med utlikning. Det synte seg til sjuande og sist å bli sluttresultatet.

- Første omgang er nokså jamnspelt, men Spretten har ballen mest og skapar litt meir enn oss. I andre omgang blir me trukka litt lågt og det blir tungt å springa etter ballen. Studentspretten skapar ein del sjansar og det er nok ei forent utlikning, skriv Syril Fotball på si Facebookside.


Etter skåringa svingar kampen og ber preg av mykje feil frå begge lag, me får vera nøgde med flott ver, mykje folk og eitt poeng, er konklusjonen.

For Studentspretten på fjerdeplass med 37 poeng, spelte det truleg mindre rolle - men for Syril, som kjempar om ny kontrakt i 4.divisjon, kan dette poenget syna seg å bli særs viktig.
Det er tett i botnen, og neste motstandar er Dale, som berre har tre poeng meir enn Syril sine 12.

Kaupanger fekk det knalltøft borte mot Eid og måtte finna seg i sju baklengs. Sindre Rørvik og Kim Andre Stokke fekk pynta litt på det, slik at resultatet til slutt vart 7-2.
Kaupanger ligg på sjetteplass med 27 poeng.

 


Les meir om: Sport Fotball Leikanger