NY EP: Karl Seglem er ute med ny EP som han tek med seg ut på ein miniturne i Europa. (Pressefoto)

Karl Seglem tek med ny EP på Europaturné

- Som kunstnar kjenner ein seg ofte litt hjelpelaus og åleine når det kjem til miljøkrisa.

Publisert 31.10.2019 kl. 22.00.

- Samstundes kan ein jo kanalisera noko av skaparkrafta inn i eit slikt omfattande livstema som denne EP-en har, nemleg å ta vare på planeten me bur på, seier Karl Seglem.


Natur er inspirasjonen

Han har resirkulert albumet «Nunatak» og har no gjeve ut EP-en «Recycling Nunatak». Seglem har gjeve nytt liv til låtar ved å leggja til vokal, omskriva verk og å leggja til nye musikarar.


Den raude tråden i «Recycling Nunatak» er engasjementet for å ta vare på naturen.


- Naturen er livsviktig for meg. Det er i naturen eg hentar kreftene mine, det er der eg får skapartrong og inspirasjon, og gjerne finn ekte og enkle gleder. Ein kan jo sei at det er der musikken på mange måtar kjem til live, fortel jazzmusikaren frå Årdal.


Konsertar

I november legg Seglem ut på ein liten europaturne.


- Eg må innrømma at eg er veldig spent på kva fansen tykkjer om den nyte utgåva og om lyttarane kjenner igjen instrumentallåten frå Nunatak, seier han.


Les meir om: Kultur Musikk Årdal