Kåringa vart digital - Ntep frå Årdal fekk andreplass med "klakkstaven"

NEST BEST: Ungdomsbedrifta Ntep frå Årdal vart kåra til den nest beste ungdomsbedrifta i fylkesmeisterskapet. Dei har utvikla konseptet "klakkstaven" som er eit måleinstrument for smelteomnar på Hydro.

NEST BEST: Ungdomsbedrifta Ntep frå Årdal vart kåra til den nest beste ungdomsbedrifta i fylkesmeisterskapet. Dei har utvikla konseptet "klakkstaven" som er eit måleinstrument for smelteomnar på Hydro. Foto:

Fylkesmeisterskapet for ungdom- og studentbedrifter måtte avviklast ved bruk av digitale hjelpemiddel på grunn av koronaepidemien.

DEL

Nokre av konkurransane måtte avlysast, men mesteparten vart gjennomført.

– Dette var ei ny utfordring for oss, men alt fungerte knirkefritt og me fekk gode tilbakemeldingar, seier Eivind Husabø, rådgjevar i Ungt Entreprenørskap Vestland, i ei pressemelding.

"Klakkstaven"

Ungdomsbedrifta Ntep frå Årdal vidaregåande skule fekk andreplass i klassen for beste ungdomsbedrift. Dei har utvikla konseptet "klakkstaven", som er eit måleinstrument for smelteomnar på Hydro.

Førsteplass i denne klassen gjekk til På Kroken UB frå Stryn vidaregåande skule. Dei har utvikla ein eigendesigna krok for oppheng av sekkar og vesker som fremjar helse, miljø og sikkerheit og gjer det lettare å vaska. Det vart trekt fram at På Kroken UB står fram som ei solid bedrift som har orden på økonomi og rekneskap.

– Bedrifta er også med å i vareta berekraftperspektivet i ungdomsbedrifter - noko som alle ungdomsbedrifter skal ha fokus på i 2020, seier Husabø.

Minihus frå Placåbo SB

Beste studentbedrift vart Placåbo frå Høgskulen på Vestlandet. Bedrifta lagar eigenproduserte teikningar til mikrohus og har som mål å selja mikrohus på sikt.

– Dei går inn i ein relativt ny marknad i Norden, og potensialet for denne bedrifta er stort. Studentane har som mål å gjera forretningsideen til deira levebrød i framtida, seier Husabø.

Placåbo SB har fått tildela inkubatorplass ved Peak Sunnfjord.

– Der jobbar dei tett opp mot verkemiddelapparatet. Juryen er imponerte over konseptet som verkar særs godt gjennomtenkt og dokumentert. Dei speglar ei realistisk vurdering av korleis bedrifta kan utvikla seg vidare, seier Husabø.

SognaTech UB frå Sogndal vidaregåande skule vann prisen for «Beste samarbeid med næringslivet», ein pris som er ny av året. SognaTech UB har også eit utstrekt samarbeid med Ntep UB frå Årdal vidaregåande skule. Berkraftprisen gjekk til SognaTech UB og Ntep UB i lag. Berekraftprisen for studentbedrifter gjekk til Sognagrepet SB – Høgskulen på Vestlandet.

MIKROHUS: Placåbo SB frå Høgskulen på Vestlandet vart kåra til beste studentbedrift.

MIKROHUS: Placåbo SB frå Høgskulen på Vestlandet vart kåra til beste studentbedrift. Foto:

Artikkeltags