Lokalfotballen i fylket byrja for fullt forrige helg, og kva passar vel då bedre enn å laga ein episode om ein fotballklubb som ikkje eksisterer lenger.Me har teke turen til Veitastrond, der ein av Norge sine aller minste fotballklubbar presterte over evne i fleire sesongar. Difor har me fått med oss to av dei mest sentrale figurane bak dette laget, Kurt Heggestad og Frank Heggestad. I research-arbeidet har me vore innom klubbens eigne heimesider og dei legendariske kampreferata, me får høyra om den gongen linjedomaren vart utvist, om Arvid Heggestad på 59 som gjorde comeback, og rauk akillessen - og ikkje minst fortel Kurt om livet som fotballspelar kontra livet som geitebonde. Dette og mykje meir moro kan du høyra i podkasten ved å trykka på lenka under, via Soundcloud eller i iTunes.