FIRDA: – Vi går frå land her no. Vi har full ferje, og køen er så lang at eg ikkje ser enden på den, seier Trond Inge Grønnevik, maskinsjef på ferja MF Oppedal.

Han seier det er vanskeleg å seie nøyaktig kor lang ventetida er, men at ein må forvente å stå i kø ei stund framover.

– Det er i alle fall ein times ventetid. Det er berre å beklage, og det skal ikkje vere sånn, men av og til blir det slik, seier Grønnevik.

Det skulle eigentleg gått fire ferjer på ferjestrekninga, men i dag går det berre tre. Grunnen til dette er at det på torsdag brann i ei av ferjene som går ruta. Denne ferja er no på verkstad.

Vegtrafikksentralen Vest stadfestar Grønnevik sitt anslag, og melder at reisande må bu seg på minst ein times ventetid på Lavik ferjekai.