Statens vegvesen melder i ei pressemelding om havari på eit sylinderlager på Fodnes ferjekai. Det betyr at dei må utføra reparasjon så snart som råd.

Mesta AS planlegg å utføra dette allereie natt til onsdag og det medfører at ferjeavgangar frå Mannheller klokka 24.00 og frå Fodnes klokka 00.30 må innstillast.

– Havariet skjedde etter den planlagde reparasjonen me hadde førre veke, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen i pressemeldinga.