Kan verta påbode med munnbind på teoriprøva og oppkøyring

SKJERPAR: Statens vegvesen skjerpar tiltak for smittevern på trafikkstasjonane dersom det vert lokale koronautbrot.

SKJERPAR: Statens vegvesen skjerpar tiltak for smittevern på trafikkstasjonane dersom det vert lokale koronautbrot. Foto:

Lokale koronautbrot kan føra til strengare smitteverntiltak på nokre trafikkstasjonar.

DEL

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Trafikkstasjonane skal framleis vera opne for dei som har bestilt time. Men lokale smitteutbrot kan føra til at me innfører strengare tiltak. Me er i dialog med helsestyremaktene, og held oss til dei råda me får, seier Bodil Rønning Dreyer, direktør for Trafikant og køyretøy.

Bruk av munnbind

Dette betyr mellom anna at dei som skal ta teoriprøve eller praktisk førarprøve må bruke munnbind nokre stadar.

– Allereie frå i dag er det påbode med munnbind for dei som skal ta praktisk førarprøve på Mysen i Indre Østfold. Dette gjeld for klasser der kandidat og sensor sit nær kvarandre under prøven, mellom anna klasse B, personbil. Påbodet gjeld ikkje for tyngre klasser eller for motorsykkel, seier Dreyer.

Per i dag er dette den einaste staden det er påbod om munnbind, men dette kan endra seg.

– Me gjer dette for å ta vare på smittevernet til både kandidatane og eigne tilsette.

Bestilla time

Dreyer minner om at alle som skal til ein trafikkstasjon må bestilla time for å få utført tenester. Det gjer du på nettsida til Statens vegvesen.

– Timebestilling har gjort at me kan halda trafikkstasjonane opne trass i koronasituasjonen. Det sikrar at det ikkje for mange samla samstundes inne på stasjonane.

Artikkeltags