Gå til sidens hovedinnhold

Kan smeltande brear få fart på oss?

I Alpane pakkar dei inn isbrear for å ha dei litt lenger. Islendingane held gravferd der det er for seint. Kan vi bruke breane sin triste skjebne til noko?

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Brear og klimaendringar er på dagsorden. Nyleg skreiv Sogn Avis om konsekvensane for turistnæringa av at Nigardsbreen krympar og trekkjer seg oppover i landskapet. NRK har publisert ein nettartikkel med mektige bilete av den minkande Austerdalsbreen og sjøen av smeltevatn nedanfor. Utanlandske tv-team og reporterar har vore her for å fortelje lesarar og sjåarar i andre land om at breane faktisk blir borte.

Truande, men vakre

Breane har ei heilt eiga tiltrekkingskraft. Kanskje heng det saman med den spesielle blåfargen, alt det farlege som er forbunde med dei – krafta og dimensjonane. I urtida forma dei landet vårt. Landskapet vi vandrar rundt i no, mange tusen år seinare, er skapt av desse veldige kreftene.

Også i kunsthistoria finn vi ein fascinasjon for breane sine motsetningar. Henrik Wergeland skildra Hurrungane og breane der som ei «frykteleg egn med evig is og sne», mens kjente landskapsmålarar som Flintoe og J.C. Dahl brukte bremotiva flittig.

Fortidas løyndommar

Breane er også ei viktig kjelde til kunnskap: I iskjernar henta ut frå brear i Antarktis og på Grønland, har forskarar greidd å kalkulere kor mykje karbondioksid det fanst i atmosfæren for fleire hundre tusen år sidan. Slik sett er det ikkje berre dagens klimaendringar breane fortel oss noko om, men òg fortidas klimaendringar.

Breane har òg andre løyndommar på lur. Smeltinga av Lendbreen i Lom har gitt oss ei rekke uvurderlege gjenstandar frå vikingtida og mellomalderen, som intakte klede, sko og ski. Ut av Bøyabreen i Fjærland kunne bremuseet nyleg hente restane av eit 49 år gamalt flyvrak.

Einvegs utvikling

At noko vil endre seg når bre-isen smelter, seier seg sjølv. Ikkje minst er det sørgjeleg å vite at det berre går éin veg. I september 1997, i «Glacier National Park» i delstaten Montana, kunngjorde visepresident Al Gore at alle breane i nasjonalparken låg an til å smelte bort innan 2030 som følgje av menneskeskapte klimaendringar. I 1850 hadde området 150 brear. Som Gore sa: Snart er det berre namnet som står att.

For nasjonalparkane og reiselivet i Indre Sogn betyr dei krympande breane i første omgang at breturistane får ein lengre tur til og frå isen. Etter kvart blir det òg mindre bre å sjå på turistdestinasjonane der turistar no opplever breen på avstand, som i Fjærland eller i Jostedalen. På sikt kjem også andre næringar til å merke endringar. Kraftbransjen og landbruket vil merke at vassføringa i elvane endrar seg, men dette ligg framleis eit stykke fram i tid.

Påminning om klima

Fjellguidar og andre reiselivsaktørar Vestlandsforsking har intervjua, ser ikkje bresmeltinga som ein stor trussel mot næringa. Eg har sjølv ein fot i fjellføringsbransjen og merkar konsekvensane av mindre snø og is. Men vi tilpassar oss greitt. Fjella blir kanskje mindre majestetiske utan ei kappe av evig is, men turistane kjem uansett.

Vil nokon sakne breane når dei aldri har opplevd dei på nært hald? Kanskje er den viktigaste konsekvensen, no på kort sikt, at vi får eit slåande og handfast «bevis» på at klimaendringane faktisk er her.

Nest etter isbjørnar på krympande isflak, er breane eitt av de mest brukte symbola på menneskeskapte klimaendringar. Vi har sett Presena-breen i Alpane på Dagsrevyen – den som kvar vår blir pakka inn i varmereflekterande presenningar i håp om å forseinke det uunngåelege.

På Island heldt folk nyleg gravferd for breen Okjökull, som etter år med taktfast krymping må reknast som død. Ein kan le, men latteren set seg fast i halsen.

Tiltaka kjem ikkje

Klimatoppmøtet i Glasgow denne veka er det 26. i sitt slag. Likevel slit verda med å få ned utsleppa av klimagassar. Vi veit at handling er tvingande nødvendig, men slit med å ta alvoret inn over oss.

Sjølv om vi som land har tøffe erfaringar med ekstremvêr og er klar over at ur-isen vår smeltar, er ikkje Norge noko lysande døme på den globale arenaen. Etter ein lovande klima-valkamp, enda vi i haust opp med ein regjeringskoalisjon som har diffuse og slappe planar for klimakutt. Vi fekk ein statsminister som denne veka har talt FNs generalsekretær midt imot i spørsmålet om kor vidt naturgass er ei energikjelde for framtida.

Kan breane opne auga våre?

Kvifor er akkurat klima slik ei politisk nøtt? Forskarar har peikt på kinkige særtrekk: For det første, den usynlege koplinga mellom årsak (utslepp) og verknad (villare vêr osb.). For det andre, at klimasystema er komplekse greier som ekspertar studerer gjennom abstrakte, matematiske modellar. For det tredje, spriket mellom alvoret klimaforskarane formidlar og den manglande politiske handlinga. Når ingen gjer noko, tvilar folk på at det verkeleg er så ille. Vi ventar og ser.

Det skal i det heile tatt mykje til for at kvar av oss ser klimaproblemet frå nyheitsbiletet som eit problem som gjeld oss. Kanskje er det her breane kjem inn. Opplevinga av smeltande is, eit definitivt tap av noko som har vore der i tusenvis av år, vil vel treffe oss i magen? At landskap endrar karakter, er litt av ein augeopnar. Å stire problemet inn i kvitauget kan kanskje kople kjenslene våre på klimaproblemet.

Guidar til meir enn breen

Alle fjellførarane eg har intervjua seier at dei endar opp med å snakke med gjestene sine om klimaendringar når dei ferdast der det tidlegare låg brear eller fleirårig is og snø. Enkelte endar òg opp med å snakke om korleis livsstilen vår og vala vi tek, heng saman med klimaproblemet. Andre føler dei må feie for eiga dør før dei tør å ta opp slike tema med gjestene.

Kanskje kan det å kople smeltande brear til klimaendringar, samfunn og livsstil bli ein måte å jobbe med berekraft på, både for dei som tek imot turistar og dei som underviser barn og unge. Å sjå bidreg til å forstå. Men for å handle, må vi òg snakke om det.

Kommentarer til denne saken