Tørkesommaren i år har gitt mange gardbrukarar hovudbry. Dessverre har vi meir krevjande vêr i vente i åra som kjem – som om det ikkje var tøft nok å livnære seg på småskala jordbruk i Sogn frå før.

Vi har lagt bak oss ein lang, varm og herleg sommar – ein sommar av det verkeleg sjeldne slaget på Vestlandet. Men gleda har sin pris: Drikkevasskjelder heldt på å gå tomme, plenar blei brunsvidde og vi fekk ikkje vatne som vi ville. Attpåtil har vi visst svimlande straumprisar i vente.

Næringsliv og industri har òg kjent på stor spenning knytt til tørken. Lerum melde i september at dei i verste fall må stengje ned drifta dersom vasskrisa ikkje går over. Men ikkje minst har denne sommaren gitt landbruket utfordringar med tørke. Sogn Avis har formidla historier om knusktørre beite og jorde, tidleg slakt av dyr og sau som har kome ned frå fjellet lenge før vanleg. Ja, faktisk var det meldt om gode forhold for tøflar i fjellet denne sommaren.

Både meir vått og tørt i vente

Men vassmangel på vår kant av verda, er det verkeleg noko vi bør vente oss meir av? Også vi som jobbar med klimautfordringar til dagleg, let oss forundre over at vi opplever tørkeproblem på Vestlandet. Klimaforskinga slår fast at framtida vil bli prega av meir ekstremvêr, både av det våte og tørre slaget. Vi har nedbørsrekordar, meir kraftig nedbør, flaum, jordskred og bedrøvelege langtidsvarsel i vente. Og samstundes må vi altså bu oss på meir tørke; været vert mindre stabilt, og vi får meir av alt.

Landbruket blir råka av klimaendringar

I Sogn, som i resten av verda, er gardbrukarar tett på vêr og natur. Slik sett står denne yrkesgruppa i frontlinja mot klimaendringane, og dei vil utan tvil bli sett på prøve i åra som kjem. Eit mildare klima og forlengja vekstsesong kan rett nok by på fordeler, men dei blir fort viska ut av større vêrsvingingar og meir ekstremvêr. Gjennomsnittsvêret er mindre interessant for bonden: Det er når det regnar, når frosten set inn, og ikkje minst når godvêret slår til, som blir avgjerande i det daglege virket. Meir ekstremvêr gjer det rett og slett meir krevjande å produsere mat. Og her i Sogn har vi fått fleire frampeik dei siste åra om kva vi har i vente. Tørkesommaren i 2018 slo dei fleste rekordar her til lands, og baud attpåtil på flaum i vår region. I 2019 øydela frostnetter under blomstringa store morellavlingar. Også 2020 blei et ytterpunkt-år med særs mange flaum- og jordskredvarsel. Og igjen har vi lagt bak oss ein omfattande tørkesommar.

Driftsnedleggingar og attgroing

Samstundes er vestlandsjordbruket i ei krise med tanke på låg lønsemd, sentralisering og fråflytting i utkantane. Mange opplever framtida som nokså dyster for sin gard. Berre sidan 2020 er talet på jordbruksbedrifter nærare halvert i Sogn og Fjordane. Med denne utviklinga går òg mykje areal og landbruksjord ut av drift. Dette er ein dramatisk trend, ikkje berre for matproduksjon og beredskap, men òg når det gjeld kulturlandskapet, som gror att – med draghjelp frå eit mildare klima. Dette vakre, opne landskapet rundt gamle støls- og slåtteområde finst nettopp fordi ein bonde i nærleiken skjøttar det og sender dyr på beite. Slike område utgjer ein eigen naturtype som er rik på artar og bidreg til å gjere denne regionen så attraktiv for oss som bur her og for dei som kjem hit på besøk.

Men kor ille blir det, lurer du kanskje? Kan det verkeleg gå så gale at klimaendringane blir den siste spikaren i kista for jordbruket i område som Sogn?

Klimatilpassing opnar nye dører

Store deler av jordbruket i Sogn får vatn frå breelvane. Jo varmare, jo meir vatn – så lenge elvane finst. Dessutan er det mykje vi kan tilpasse oss ut av. For landbruket dreier det seg om små og store justeringar i drifta som gjer at bonden kan handtere framtidas klima utan for store tap og skader. Er marka utsett for erosjon, kan ein gardere seg ved å beskytte matjorda med randsoner. Dersom vind og nedbør truar bær og frukt, finst det grep som dyrking i tunnel eller byting til meir robuste sortar. Mot tørre somrar kan det løne seg å investere i vatningsanlegg, kanskje saman med naboar. Klimatilpassing kan òg vere å styrke nettverk og relasjonar til andre i næringa slik at ein kan løyse krevjande situasjonar i lag, skaffe seg ny kompetanse og generelt drive god agronomisk praksis for å styrke jorda si evne til å handtere meir ekstremt vêr.

Landbruket blir styrt av meir enn berre klima

Men så er det ikkje så enkelt, heller – for ein gardbrukar er prisgjeven fleire faktorar enn berre klima. Og korleis legg samfunnet forholda til rette? Ein kunne ha skrive ei heil avhandling om distriktsutvikling og aukande avstand til både naboen og offentlege tenester. Kanskje aller viktigast er landbrukspolitikken: Gardbrukarar er langt på veg statstilsette, og avhengige av økonomiske tilskot for å produsere mat til deg og meg. I år gjorde bønder over heile landet opprør mot det veksande gapet i inntekt mellom landbruket og andre næringar, kombinert med at utgiftene til slikt som elektrikar-tenester, gjødsel og kraftfôr stig. Den norske gjennomsnittsbonden tener rundt 200.000 kroner i året, og endå mindre i Sogn og Fjordane.

Kjenner du ein bonde her i området, veit du sikkert at han eller ho må ha ein annan jobb i tillegg, og brukar inntekta til å halde gardsdrifta oppe. I tillegg er politikken fokusert på stordrift og produksjonsvolum, noko som gjer det vanskeleg for små vestlandsgardar å henge med. I ein slik situasjon blir investeringar i klimatiltak lettare sagt enn gjort.

Om politikarane vil

Det er altså mange gode grunnar til å verne om landbruket vårt i ei tid som blir stadig meir prega av klimaendringar. Er det ein ting som er sikkert, er det jo at vi treng mat i framtida òg. Sjølv med eit lunefullt klima med store ytterpunkt, vil det gå an å drive gard i Sogn, men då krevst det politisk vilje. Vil politikarane redde det vestlandske jordbruket, må dei gjere det lønsamt å drive små og mellomstore bruk der utmarksbeita spelar ei viktig rolle. Bøndene må naturlegvis få eit løft i løn og status, og den økonomiske handsrekkinga som skal til for å ruste garden mot det som kjem.