Kan ikkje nekta å samarbeida med kvinnelege prestar

PRESSEKONFERANSE: Preses Olav Fykse Tveit (t.v.) var klar i sin tale på pressekonferansen i føremiddag.

PRESSEKONFERANSE: Preses Olav Fykse Tveit (t.v.) var klar i sin tale på pressekonferansen i føremiddag. Foto:

Av

– Ingen kvinner skal måtte vika på grunn av ein mann med eit anna syn, seier preses Olav Fykse Tveit.

DEL

Biskopane i Den norske kyrkja held fast på at både kvinner og menn er ønska i prestetenesta. Det vart klart på ein pressekonferanse fredag.

– Kallet til presteteneste gjeld både kvinner og menn. Det er ei velsigning for kyrkja, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit. Han er Den norske kyrkja sin fremste biskop.

– Å vera prest er eit kall til ei teneste i ord og sakrament. Det må utøvast i fellesskap. Ein prest kan ikkje hevda ein rett til å avstå frå samarbeid med andre prestekollegaer.

– Må ta det opp med sin biskop

Fykse Tveit understrekar at dei mannlege prestane som har eit anna syn må ta det opp med sin biskop.

– Dersom ein prest ut frå si overtyding har problem med kvinners presteteneste, må han ta det opp med sin biskop. Biskopen må treffa tiltak som sikrar at ingen kvinner blir sett til side eller blir skadelidande. Det er uaktuelt i Den norske kyrkja, seier han.

Dei siste vekene har det gått føre seg ein debatt om mannlege prestar kan reservera seg mot tjenestefellesskap med kvinnelege prestar av teologiske omsyn.

Etter denne vekas bispemøte held fast på biskopane at både kvinner og menn har sin rettmessige plass som prestar i Den norske kyrkja. Dette har vore klart som det offisielle syn og ordning i fleire tiår, og det er uttrykt i Kirkemøtevedtak og i alle noverande biskopars ordinasjonspraksis.

Bispemøtet har som oppgåve å fastslå Den norske kyrkjas lære, og har vurdert korleis ordningane i Den norske kyrkja samsvarer med dette.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken