Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1. Det skriv Statsforvaltaren i Vestland.

Lisensjakta gjeld for heile Hordaland og Sogn og Fjordane, og Jakttida for jerv er frå 10. september 2021 til 15. februar 2022.

«Det er eit mål å auka talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv. Jervejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar. Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halda seg oppdatert om den attverande kvoten. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal straks melde frå til Statsforvaltaren og Statens naturoppsyn», skriv Statsforvaltaren.