ISPIGGAR: Claire Alfonso, president i Norges Livredningsselskap, oppfordrar alle til å læra seg isvettreglane og å ta med seg tryggleiksutstyr som ispiggar viss dei skal ut på isen. (Foto: Andre Clark Utvik)

Kan du isvettreglane?

Kvart år druknar menneske som ferdast på usikker is.

Publisert 08.11.2019 kl. 11.45. Oppdatert kl. 12.07.

På seinhausten kan temperaturane svinga kraftig og då aukar farane.

FARLEG IS: Nokre stader byrjar isen å leggja seg no, men den er stort sett ikkje trygg å ferdast på endå. (Foto: Norges Livredningsselskap)

Vis sunn fornuft

- Sterke temperatursvingingar gjer at isen er sukker, og då lyt folk visa sunn fornuft og kjenna sitt isvett, seier Claire Alfonso, president i Norges Livredningsselskap.


Organisasjonen anbefaler alle å læra seg isvettreglane og meiner at folk flest har eit behov for auka kunnskap i å ferdast på isen.


Nokon stadar i landet er det seinhaust medan andre stader har byrjande vinter. Men isen er stort sett ikkje farbar nokon stad endå.

ISVETT: Dette faktarket frå Norges Livredningsselskap summerar opp det viktigaste ein bør veta om ein skal ferdast på isen.

Farleg is

- Kvart år druknar det menneske i Noreg fordi dei feilbereknar isen. Ved å ta nokre enkle forholdsreglar kan liv bli spart, seier Alfonso.


Ho fryktar ulukker viss folk vert freista til å gå ut på den ferske isen.


- Det er spesielt alvorleg når snøen legger seg på isen. Det kan gje inntrykk av at isen er trygg, men i realiteten kan isen gje etter om ein er på feil stad, seier ho.


Førebuing, utstyr og kunnskap er viktig for å ferdast trygt på isen. Eigne ispiggar er lurt å ha med seg.


- Alle skal kunna nyta naturen, spesielt på hausten.


Alfonso meiner at alle bør læra seg isvettreglane.


Dette gjer du


  • Viss du fell gjennom isen lyt du snu deg tilbake til retninga du kom ifrå. Der veit du at isen kan bæra deg.

  • Bruk ei fløyte til å få merksemd frå andre som er i nærleiken.

  • Press vekk eventuell snø og stikk ispiggane hardt ned i isen, trekk deg sjølv opp med armane medan du sparkar ifrå med beina.

  • Om du ikkje har ispiggar kan skistavar eller kniv og nyttast.

  • Når du er oppe på isen lyt du fordela kroppsvekta di jamt og krypa fram til sikker is.

  • Få på deg turre klede så raskt som mogleg. Skal du vera på isen over lengre tid bør du ha pakka med eit klesskift i ein vasstett pose som ligg i sekken.


Isvettreglane

Her er isvettreglane:


1. Ha respekt for isen


2. Ikkje gå ut på isen viss du ikkje kan symja


3. Ta med deg skikkeleg og tilstrekkeleg tryggleiksutstyr


4. Gå fleire ifølgje. Om de er mange bør de gå litt spreitt.


5. Hald deg på sikker is.


6. Ver spesielt merksam på snødekka is og årstidsendringar.


7. Bruk alle sansane, lytt etter lydar i isen.


8. Viss du går gjennom isen, ikkje få panikk.


9. Viss andre går gjennom isen, hald avstand.