Han har kjempa for vitensenteret på Kaupanger, både i Arbeidarpartiet og tverrpolitisk, og er skuffa over at budsjettforhandlingane mellom regjeringa og FrP enda med inkjevetta.
Burde vore enkelt
– Eg rosar FrP for forsøket, men resultatet vart eit digert mageplask.
Vereide syner til at ViteMeir er det einaste vitensenteret i landet som ikkje får statsstøtte, og meiner dette er ei sak som burde vore enkel å løysa.
– Spesielt no når det ligg fleire pengesekker på trappene til ViteMeir med føresetnad om statsstøtte, då er det spesielt at regjeringspartia ikkje evnar å sjå verdien av dette vinnarprosjektet, seier han, og legg til:
– Eg har stor tru på gjengen og prosjektet, at dei skal få det til, men det er uheldig å måtta starta på sparebluss.
Rann ut i sanden
Etter at Vereide sjølv kom på bana med fem millionar i Arbeidarpartiet sitt alternative budsjett, fylgde Rita Navarsete og FrP opp med seks millionar i sitt.
– FrP har veldig gode kort på handa, kanskje betre enn Ap, sa Navarsete og sikta til forhandlingsposisjonen i Stortinget, og la dessutan til at «seks millionar er betre enn fem».
– Kva vil du seia til dette no når me ser utfallet?
– Fem millionar er betre enn null, seier Vereide, men legg snøgt til:
– Eg vil likevel rosa at dei prøvde, for her må alle gode krefter spela på lag, og eg veit at Rita og dei gjorde sitt beste, sjølv om det rann ut i sanden.
Kampen ikkje over
Når FrP bar ViteMeir inn i forhandlingane og det framleis er halde utanfor budsjettet, tykkjer ikkje Vereide dette lenger liknar eit arbeidsuhell frå regjeringa si side.
– No ser eg at regjeringspartia ror og snakkar om mogelege løysingar i revidert budsjett, og det forventar eg at dei fylgjer opp, men dette er berre ikkje godt nok, tordnar Vereide, som lovar at kampen ikkje er over med dette:
– Eg er ein kjempar og optimist av natur, og har ikkje tenkt å gje meg. Saman med Arbeidarpartiet vil eg syta for at denne kampen held fram.

ViteMeir kom ikkje inn i statsbudsjettet

Prioriterer ViteMeir: – Me har gode kort på handa, kanskje betre enn Ap
