Miljødirektoratet har gitt Kvinnherad, Aurland og Kinn (den delen som omfattar gamle Flora kommune) dispensasjon til å ta del i eit forsøksprosjekt.
Prosjektet kom i stand etter initiativ frå kommunar med varierande utfordringar med å forvalta hjort, skriv Norsk institutt for naturforsking i ei pressemelding.
Føremålet med FriKalv er å undersøkja kva for moglegheiter og avgrensingar som ligg i å tilby fri avskyting av kalv.
– Færre konfliktar og auka uttak
– Eigedommar som er utsette for beiteskadar får moglegheita til å auka utbyttet frå hjortejakta, og håpet er å redusera konfliktane knytt til denne typen skader. FriKalv vil vonleg også bidra til at fleire dyr blir felt, utan at det får uheldige konsekvensar for kjønns- og aldersstrukturen i bestanden, seier prosjektleiar og forskar Vebjørn Veiberg i Norsk institutt for naturforsking (NINA).
Han presiserer at fri avskyting er ein moglegheit, ikkje eit pålegg.
Enklare og meir effektivt?
Prosjektet kan også vera med å forenkla og effektivisera hjortejakta og gjera at for eksempel fleire morlause og mindreverdige (skrapdyr) kalvar blir felt.
I praksis betyr FriKalv at den ordinære tildelinga av kvotar for kalv ikkje avgrensar kor mange hjortekalvar som kan bli felte innan eit jaktfelt.
For å unngå unødvendig administrasjon knytt til justering av bestandsplanar og kommunale tildelingskriteria i den toårige forsøksperioden, inngår kalv likevel i dei ordinære kategoriane når løyve blir tildelte.
Spør jegerane
Etter forsøksperioden blir det sendt ut ei spørjeundersøking til jegerar og andre sentrale aktørar, for å avdekkja haldninga til – og erfaringane med – FriKalv.
Konklusjonane blir eit viktig grunnlag for å vurdera om fri avskyting av kalv kan vera eit nyttig verkemiddel i hjorteforvaltninga.