– Det var over heile himmelen. Eg har sett nordlys i Fresvik før, men ikkje på denne måten. Det var veldig spesielt.

Det seier Julie Fotland.

Ho fekk fotografert fargespelet med mobilen.

Varte lenge

– Me har hytte i Fresvik som eg er på så ofte som mogleg. I helga har eg hatt besøk av kompisar frå Bergen og dei fekk sjå noko ekstra spektakulært når dei var på besøk, fortel Julie.

Ho meiner nordlyset flamma over himmelen i minst fire timar.

Endrar seg fort

– Det var tilfeldig at me såg det, me skulle ut og sjå på stjernehimmelen, så fekk me sjå dette her. Det forandrar seg heile tida og var ganske spesielt, fortel Julie.

Litt lenger ute i fjorden, bada himmelen også i nordlys og Tone G. Vange har delt eit foto frå Vik.

Tett på i Balestrand

Torill Harkjerr i Balestrand såg også nordlyset.

– Eg ser det veldig sjeldan i Balestrand, men eg er nordfrå, der ser me det oftare. Så eg måtte ut og knipsa. Det er utruleg fascinerande å sjå, fortel Harkjerr. Også Frode Kleppe Holgersen og familien fekk sjå lysspelet i bygda denne kvelden.

Første gong på Leikanger

– Det er første gongen eg har klart å fanga nordlys på Leikanger. Men veit andre har sett det før. Eg trur det eine trikset er at du må følgja med ei stund for det forandra seg heile tida. På dei minuttane eg var ute i byggjefeltet så forandra det seg fleire gonger, seier Marita Hagheim som også har sendt foto til Sogn Avis.

Fekk du fotografert nordlys i Sogn i helga og vil dela det med Sogn Avis-lesarane? Send foto og ein liten tekst til Sogn Avis.