Prisen vart delt ut under Sogn og Fjordane sin jubileumsfest i høve laget si 40-årsfeiring, skriv dei i ei pressemelding.

Juryen grunngjev tildelinga slik: Folkemusikkprisen 2021 går til ein utøvar, pedagog og viktig tradisjonsberar som gjennom mange år har lagt ned ein betydeleg innsats for folkemusikkmiljøet i Sogn og Fjordane. Vestreim har gjennom eit heile livet sitt vore viktig for formidling og bortlæring av folkesongar. Gjennom Krudlalaget har fleire hundre ungar lært folkesongar av Vestreim.

Vestreim, som også er kvalifisert til A-klassen, har bidrege til fleire album, mellom anna Bufaste Tonar som kom ut i 2009. I tillegg var ho heilt essensiell i arbeidet med songheftet Skumringstimen, som har gjort vokal folkemusikk frå heile trivselsfylket tilgjengeleg for fleire.