– Me er godt nøgde, seier Siri Wølneberg Bøthun, frå Senterpartiet, og gler seg spesielt over at heile det politiske miljøet stiller seg bak den eksisterande tempoplanen.
Det inneber at ombyggjinga, som eigentleg er eit påbygg, mest truleg kjem i gang før jul. Fresvikjene treng ikkje lenger ottast at barnehagen deira landar på færre plassar.
Sparingar er påkrevd
Men vilkåret under den store semja torsdag var likevel at innsparingar må finna stad. Det blei ikkje konkretisert kvar desse er å finna. Tiltaket har ein prislapp på vel ni millionar kroner. Sluttsummen har forårsaka bakoversveis i kommunen.
Utviklinga på kostnadssida har medført eit behov for ei budsjettjustering på neste tre millionar kroner.
Marta Sofie Vange, H, som ikkje er ukjent med byggjeprosessar frå si yrkesaktive karriere, var først ut i formannskapet og markerte den nye retninga det no er samling om.
– Fresvik har bruk for denne barnehagen, alle 22 plassane, seier ho, og rår til at partia droppar tanken på ei ny utlysingsrunde.
Kapasitet for framtida
Arbeiderpartiet hadde med seg til møtet same posisjonen, Sp også. Det var Ap som formulerte framlegget alle samla seg om.
– No byggjer me i Fresvik 22 plassar, og etablerer det rommet Fresvik treng for framtidige behov, seier Aud Marit Fedje Berge, Ap, som i partiets framlegg ber rådmannen gå i gang med å finna kostnadsreduserande tiltak.
