– Me gratulerer Jon-Hermann Hegg med sin første pallplass i World Cup i OL-øvinga 10 meter luftrifle, skriv Norges Skytterforbund på Facebook.

I World Cup Rio laurdag kveld vart han nummer tre i finalen. Dette er første gong på 17 år at Norge er på pallen i World Cup på 10 meter luftrifle menn.

Are Hansen var sistemann med sin andreplass i WC Resende i Brasil i 2006.

I finalen denne gongen vann Danilo Sollazzo frå Italia føre Maximillian Dallinger frå Tyskland. Det var 68 deltakarar i øvinga, og Jon-Hermann var nest best i kvalifiseringa med 631,4 poeng. Han har frå tidlegare ein tredjeplass i World Cup i den andre individuelle OL-øvinga 50 meter match, og to pallplassar på 10 meter luftrifle mixed team, som også er ei OL-øving. Hegg har også sanka seks medaljar i lagkonkurransar i World Cup.