Sogndal Fotball og Jørgen Johnsen er samde om å forlengja samarbeidet for eitt nytt år. Den nye avtalen trer i kraft 1. januar 2023 og strekkjer seg ut året, skriv klubben på nettsida si.

Jørgen kom til Sogndal frå Vålerenga i oktober 2020.

– Han er ein bra mann i miljøet, står godt på og tek stadig nye steg som keeper. Etter nokre år med oss her i Sogndal, viser Jørgen ein flott utvikling. Han fekk debut frå start i OBOS-ligaen dette året og leverte ein god kamp. Han er ein kjekke gut som er ein viktig del av keepergruppa, og me er veldig glade for at samarbeidet held fram., seier Håvard Flo.

– Eg ser fram til eit nytt år her i Sogndal, me har eit godt miljø her og det er fine folk i klubben. Eg er blitt glad i både bygda og klubben Sogndal, seier Jørgen Johnsen sjølv.