Johan Hove, her i duell med Erik Huseklepp på Åsane, kan vera på veg vekk frå Sogndal.

Johan Hove er høgaktuell for Strømsgodset: - Ein spelar me har følgd med på lenge

Sogndal-talentet er på veg vekk frå Sogndal.

Publisert 07.08.2018 kl. 18.28. Oppdatert kl. 18.54.

På Strømsgodset si heimeside seier sportssjef Jostein Flo at Johan er ein spelar dei har følgd med på over lengre tid.


- Han har vore fast på aldersbestemde landslag i fleire år og har ferdigheiter som me meiner er spennande og som passar godt inn i vår spelestil. Johan trenar med oss no for å bli betre kjent med kvarandre og for å sjå nærare på kvalitetane hans.


Til Sogn Avis seier Hove at han kom til Drammen måndag kveld og hadde si første treningsøkt med Godset tysdag.


- Eg har ikkje lyst å seia noko meir enn det. Då må du snakka med Sogndal.


Hove vart historisk då han i mai 2016 vart den første spelaren fødd på 2000-talet som debuterte i eliteserien, men 17-åringen legg ikkje skjul på at han har fått lite speletid i Sogndal denne sesongen.


Stortalentet har hamna bak Eirik Schulze, Eirik Birkelund og Sixten Jensen i kampen om speletid på midtbana.


- Det har ikkje vorte slik eg hadde trudd. Eg vil sjølvsagt spela fast og på eit så høgt nivå som mogleg heile tida.


Hove står bokført med 38 aldersbestemte landskampar. I mars skreiv han under på ein treårskontrakt med Sogndal, og har soleis kontrakt ut 2021-sesongen.


Agenten: - Kan vera positivt for Johan

Daniel Steinfeld har representert Hove i to år. Til Sogn Avis seier agenten at Godset har vist interesse for Hove i lang tid.


- Strømsgodset har antyda at dei er interesserte i Johan og inviterte han difor til Drammen for å bli kjent med laget, spelarane og klubben. Så får me sjå om det blir ein overgang allereie i sommar.


Steinfeld legg til at 17-åringen har vekt oppsikt for fleire klubbar, då han har prestert godt kvar gong han er på landslaget. 


-  Det me ser i forhold til Godset, etter å ha vore i same miljø i mange år i Sogndal, at det vil kanskje vera positivt for Johan å få ein ny kvardag. 


- Ingenting som er konkret

Håvard Flo, sportsleg leiar i Sogndal Fotball, presierer at klubbane ikkje er samde om ein overgang for spelaren på noverande tidspunkt.


- Godset har følgd lenge med på Johan, og på bakgrunn av det ville dei ha han ned dit for å helsa på guten og for at han skulle få trena litt med dei. Men det er ingenting som er konkret.


Flo legg heller ikkje skjul på at situasjonen til Johan i Sogndal har vore litt vanskeleg.


- For Johan vil spela meir. Det er viktig at me ser på utøvaren i forhold til moglegheiter for speletid, kor tolmodig spelaren er og konkurransen på laget. Me har mange som presterer på eit høgt nivå i Sogndal og det er knallhard konkurranse om plassane på laget. Det er saka si kjerne, og me må sjå på løysingar som er til det beste både for spelaren og klubben.


Siste saker Gå til framsida