Gå til sidens hovedinnhold

Jo lenger kontrollørane kom, desto dyrare vart det

Måtte betala eller bli ståande.

Kontrollørane hadde eit travelt kveldsskift tysdag ettermiddag, der over 170 køyretøy var innom kontrollplassen i Håbakken. Eit vogntog var overlasta og firmaet må ut med 2450 kroner i gebyr.

Rot i fronten

Lasta måtte lastast om før det fekk køyra vidare, men det var heller ikkje noko bombrikke avtale noko som er kravd på slike køyretøy. Det resulterte i nye 8000 kroner i bot.

– I tillegg hadde ikkje firmaet alle dokument i orden, og må retta opp i dette òg, opplyser inspektør Torgeir Bang i Statens vegvesen.

Eit vogntog måtte stogga fordi det var såkalla sikthindrande gjenstandar i frontruta.
Føraren fekk også gebyr for di han ikkje hadde med seg vognkort til hengjaren.

Føraren av ein varebil måtte ut med 1000 kroner fordi han framleis køyrde rundt med piggdekk.

Droppa å stoppa

For føraren av eit vogntog vart det ein ekstra trasig tur innom kontrollstasjonen på Håbakken, ettersom han først droppa å stoppa – og vart meldt til politiet for det.

Årsaka kan ha vore at han var klar over at kontrollørane ville merka seg at han hadde brote køyre- og kviletidsreglane utan bruk av såkalla sjåførkort. Det gjorde dei, noko som resulterte i nok ei politimelding.

Kommentarer til denne saken