FIRDA: Det skortar ikkje på historiar frå Jetmund Einemo, når han gjestar denne vekas Go' Knall. For lastebileigaren frå Lærdal har opplevd mykje i løpet av eit langt liv.
Det byrja allereie då han var ungdom. Han køyrde mykje bil ulovleg, og lensmannen var truleg lei av å skrive alle rapportane.
– Så gamlelensmannen sa til far min at den sonen din, han må du sende til sjøs, elles må vi tilsette ein lensmannsbetjent til. Så eg vart sendt til sjøs då eg var 15 år gammal, seier Einemo.
Sjå resten av intervjuet med Jetmund Einemo i videoen over.