Gå til sidens hovedinnhold

Jente (14) sendt til sjukehus etter ulukke

AMK melder klokka 16:37 om ei ulukke på Rallarvegen. Ei ung jente på veg mot Flåm kolliderte med møtande bil.

Jenta skal vera bevisst, men opplyser om smerter på kroppen.

Politiet skriv på Twitter at jenta var i følgje med fleire personar, alle på sykkel. Det er ukjent kor høg fart det var under kollisjonen.

Ambulanse var framme på staden klokka 17.15, medan luftambulanse og politi er på veg.

- Jenta blir køyrt til sjukehus i ambulanse. Me har ingen andre opplysingar enn klagar på smerter på kroppen. Ho blir no vareteken av helsepersonell og reisefølgje sitt, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Polititet startar no etterforsking av hendinga.

- Det blir gjort avhøyr med bilførar og vitner på staden, seier Kolltveit.

Kommentarer til denne saken