Jens-Ivar kan ikkje lova asfaltering på trafikkert pendlarstrekning enno: – Me kan ikkje leggja asfalt for så å grava den opp seinare

Planen var å asfaltera strekninga frå Bondeviki til Fardal før sommaren i år. No kan det gå meir enn eit år før asfalten kjem.