Gå til sidens hovedinnhold

Januar 2020 vart den våtaste nokosinne

Artikkelen er over 1 år gammel

Året fekk ein våt start, med ei nedbørsmengd på 195 prosent av normalen for januar. Den gamle rekorden er frå 2005 og låg på 185 prosent.

(Firda)

Det melder Meteorologisk institutt. Dei har allereie slått fast at januar 2020 òg vart den nest varmaste nokosinne. Det vart sett sju rekordar for høgast målte nedbørsmengd på eitt døgn, mesteparten av dei i Trøndelag. I tillegg vart det sett 30 rekordar for høgast mengd nedbør målt over heile månaden, då hovudsakleg i Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.

– Det vart sett endå fleire nedbørsrekordar i januar 1989 og 2005, men då var det òg område som fekk lite nedbør, berre 10–30 prosent av normalen. Dei tørraste områda i januar i år låg på 50–60 prosent av normalen, seier Jostein Mamen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Les også

Her regna det nær tre gongar så mykje som normalt i januar

Normalen det blir samanlikna med, er den internasjonale standardperioden frå 1961 til 1990. Nokre målestasjonar i Vestland, Innlandet, Trøndelag og Nordland fekk så mykje som fire gonger den normale mengda nedbør.

Målingane går heilt tilbake til 1900.

Kommentarer til denne saken