Kontraktane vart signerte på vegner av fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. Dermed er startskotet gått for fellesprosjektet mellom fylka, som har som mål å utvikla nye, utsleppsfrie hurtigbåtar, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Alle seks takka ja

Konkurransen om energieffektivt design vart kunngjort 1. oktober, og i dei påfølgande vekene har eit stort team vurdert både kvalifikasjonskrav og idéskisser.

Åtte leverandørar leverte tilbod, og av desse vart seks leverandørar inviterte til å delta i prosjektet og ta imot eit tilskot på 1,5 millionar kroner til vidareutvikling av designkonseptet sitt.

Deltakarane

Dei neste fem månadene skal Eker Design, ESNA, LMG Marin, SES-X, Transportutvikling og Umoe Mandal jobbe vidare med sine konsept.

I starten av april 2022 vil inntil fire leverandørar bli inviterte til neste fase i prosjektet, med vidareutvikling og modelltesting av designet. Den avsluttande fasen av konkurransen startar ved årsskiftet 2022/2023, der inntil tre leverandørar får i oppgåve å ferdigstille fartøydokumentasjon, inkludert kostnadsramme for bygging og drift av fartøyet. Totalt kan leverandørane som får vere med heile vegen, få inntil 16,5 millionar kroner kvar i utviklingspengar.

Minst 30 prosent lågare energibruk

Om halvanna år, i mai 2023, vert designdelen av hurtigbåtprosjektet avslutta. Målet er at ein då har utvikla nullutsleppshurtigbåtar med minimum 30 prosent lågare energiforbruk samanlikna med dagens fartøy. Ambisjonen er å bruke dei innovative design- og teknologiløysingane som ein mal i framtidige hurtigbåtanskaffingar, melder fylkeskommunen.

Glade for responsen

Oppdragsgjevarane er godt nøgde med oppstarten av konkurransen og ser fram til å følge leverandørane vidare i jakta på framtidas hurtigbåt.

– Prosjektet har sett høge krav til framdrift og resultat, og me er glade for den gode responsen frå marknaden, seier Håkon Rasmussen, avdelingsdirektør mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune i pressemeldinga.

Prosjektet er støtta av Klimasats, ei støtteordning under Miljødirektoratet for reduksjon av klimagassutslepp.