Gå til sidens hovedinnhold

Isnedfall og stengte vegar

Slik er stoda på vegane fredag morgon.

Desse fjellovergangane er framleis stengt grunna uvêret:

Rv 13 Vikafjellet

Fv 50 Aurland - Hol

Fv 53 Årdal - Tyin. Her blir det gjort ny vurdering klokka 12:00.

Desse vegane er stengt grunna ras eller fare for ras:

Fv 5600 Vik - Arnafjord

Fv 5602 Feios - Fresvik

Fv 5606 Ulvestad - Menes

Fv 5616 Eide - Fimreite

Fv 5625 Voldadalane i Aurland

Fv 5637 Øvre Ornes - Skjolden

Fv 5638 Steig i Luster er stengt grunna tre i vegen. Blir opna når trea er fjerna fredag føremiddag.

Fv 5641 Neset - Sogelvi

På Fv 55 ved Røneidtunnelen i Gaupne har vegtrafikksentralen fått melding om ein del nedfall av is.

Torsdag kveld køyrde ferjesambandet Mannheller - Fodnes kriserute til Lærdal grunna sterk vind. Frå midnatt fredag var det normal drift att.

Slik er stoda på vegane elles:

Ev 16 Seltatunnelen - Borgundstunnelen

Vegen er stengt grunna vegarbeid mellom klokka 20:00 og 06:00. Manuell dirigering via Fv 630.

MOT VEST: 20:15, 21:00, 21:40, 22:20, 23:00, 23:40, 00:20, 01:00, 01:40, 02:20, 03:00, 03:40, 04:20, 05:00

MOT ØST: 20:40, 21:20, 22:00, 22:40: 23:20, 00:00, 00:40, 01:20, 02:00, 02:40, 03:20, 04:00, 04:40, 05:20.

Fv 630 Seltun (kryss) - Borgund (kryss), i retning Borgund

Vegarbeid. Vegen er stengt for køyretøy høgare enn 4,4 meter og breiare enn 3 meter.

Fv 5600 Valsviki - 5600 Ryneset i Vik, retning mot Arnafjord

Vegarbeid mellom 08:00 og 19:00. Opent for passering klokka 10:00, 12:00, 14:30-15:00 og 17:00. Fredag maks ventetid 30 minutt. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Rv 5 Sogndal (Dalavegen) (kryss), i begge retningar

Vegarbeid mellom 07:00 og 21:00.

Kommentarer til denne saken