Iskaldt og snøbyer

SNØBYER: Slik ser det ut ved Vestredalen mellom Hol og Aurland klokka 6.45 fredag morgon.

SNØBYER: Slik ser det ut ved Vestredalen mellom Hol og Aurland klokka 6.45 fredag morgon. Foto:

Dette er status på fjellovergangane fredag morgon.

DEL

Vikafjellet er stengt på grunn av opprydjingsarbeid fram til laurdag den 29.2. klokka 16.00.

På strekninga Tyin – Årdal er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det minus 19 grader, laber bris og lett snø.

På strekninga hol – Aurland er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det minus 15 grader, lett bris og lette snøbyer.

På Strynefjellet er det snø- og isdekke, fare for glatte parti. Det er fare for elg. Klokka 6.00 var det minus 14 grader, austleg svak vind, lettskya og snøbyer.

På Filefjell er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det minus 15 grader, stille og opphaldsvêr.

På Haukelifjell er det snø- og isdekke. Klokka 5.45 var det minus 9 grader, svak vind og lett snø.

På Hardangervidda er det snø- og isdekke. Klokka 5.30 var det minus 10 grader, frisk bris, skya og middels snø.

Artikkeltags