Pavlova får prisen for sitt arbeid med å innføre obligatorisk praksis i disiplinfaget sosiologi, skriv Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.
Pavlova er emneansvarleg for praksisemnet «Arbeidslivsretta sosiologi», og det er særleg i dette faget ho har vist sine kreative og organisatoriske evner, ifølgje nominasjonen.
Pedagogisk
I grunngjevinga frå fagjuryen vert det trekt fram at Pavlova har etablert ei obligatorisk praksisperiode i eit disiplinfag. Dette har vekt oppsikt nasjonalt, og Pavlova har synleggjort Høgskulen på Vestlandet innan eit av satsingsområda til HVL; profesjons- og arbeidslivsretting.
I nominasjonen som blei sendt inn av kollegaer og studentar ved Institutt for samfunnsøkonomi, blei hennar pedagogiske metodar omtala. Ho dramatiserer sosiologiske problemstillingar der ho trekkjer inn studentane som skodespelarar i rollespel.
Irina har også teke med studentane til United World College i Fjaler der dei har intervjua internasjonale elevar, og på den måten arbeidd for «internasjonalisering heime» der ho tilbyr studentane verdifull internasjonal erfaring utan at dei må reisa langt.
Kreativ
Ho får heider for å ha vore spesielt kreativ i emnet Arbeidslivsretta sosiologi, ved at studentane får praksis i sju veker på ein relevant arbeidsplass. Etter praksisperioden blir studentar, fagtilsette ved HVL og tilsette på praksisarbeidsplassen inviterte til seminar der dei delar erfaringar.
– Nominasjonen viser at kollegaer og studentar er svært nøgde med det faglege engasjementet til Pavlova, arbeidet med praksisplassane og den tette oppfølginga dei får undervegs, skriv Høgskulen i ei pressemelding.
Studentane melder at dei kjenner seg sett også som person utanom undervisninga. Kollegaene peikar på evne til samarbeid, systematikk og kreative bidrag i kollegiet. Ho er sakleg i si innstilling både til folk og saker.
Kvalitetskonferanse
Prisen vart del ut under den digitale Kvalitetskonferansen ved Høgskulen på Vestlandet, og er på 75.000 kroner.
Dette er ein årleg pris som høgskulen delar ut for utdanningskvalitet. Det er ei anerkjenning av fagmiljø eller einskildpersonar som har gjort ein markant innsats i arbeidet for å utvikla kvaliteten på utdanningane ved HVL.