Investerte i snøscooterar med mykje krefter: – No er me godt rusta til krevjande oppgåver i fjellet

GODT NØGD: Leiar i Hjelpekorpset i Leikanger, John Petter Svedal, er godt nøgd med at korpset fekk moglegheit til å investera
i to nye snøscooterar.

GODT NØGD: Leiar i Hjelpekorpset i Leikanger, John Petter Svedal, er godt nøgd med at korpset fekk moglegheit til å investera i to nye snøscooterar. Foto:

Støtte på totalt 400.000 kroner sikra hjelpekorpset nye snøscooterar.

DEL

– Me fekk etter søknader tildelt 180.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen, og 220.000 kroner frå Røde Kors nasjonalt. Dette gjorde det mogeleg for oss å investera i to nye snøscooterar, som kvar kostar om lag 200.000 kroner, seier John Petter Svedal i ei pressemelding.

Han er leiar i Røde Kors Leikanger Hjelpekorps, og sender ein stor takk til bidragsytarane.

Støysvak, men mykje krefter

Snøscooterane er av merket Lynx Commander, begge med turbo og 150 hestekrefter. Dette byr på mykje krefter.

– Sidan det her er snakk om 4-takt motor, så støyar dei langt mindre enn dei tradisjonelle 2-taktsmotorane. I tillegg brukar dei mindre drivstoff. Desse er altså meir miljøvennlege enn dei me har hatt før, seier leiaren.

Tek seg godt fram i krevjande område

– Dette er vel noko av det beste du får tak i under kategorien arbeidssnøscooter. Takka vera moderne oppbygning av snøscooter, grovt belte og mykje motorkraft, er me betre rusta til å komma oss fram i krevjande område, seier leiaren i pressemeldinga.

Han trur at kraftutbygginga som finn stad i Grindsdalen og Henjadalen vil gjera Leikanger til eit meir populært skiområde.

– Når fleire folk trekker mot område som det før ikkje var så naturleg å ferdast i, krev det at me har godt utstyr i korpset og at mannskapet vårt er kjent i området. Det er difor viktig å gjennomføra kjentmannsturar og øvingar i fleire område, og ikkje minst er det viktig å øva på å bli god på å køyra snøscooter.

Sistnemnte må ikkje undervurderast, og han understrekar: - Køyring av snøscooter er ofte forbunde med risiko, men med rett bruk og mykje mengdetrening er det eit fantastisk verktøy for oss under redningsaksjonar. Me kjem oss fort fram og pasienten slepp å venta så lenge i snøen.

Kostbart utstyr

Med to nye snøscooterar, bestemte korpset seg for å selja ein av dei to eldre snøscooterane som dei hadde. Salet av den eine snøscooteren gjorde det difor mogeleg å kjøpe ein ny redningspulk.

– Det er dyrt å driva ei frivillig redningsteneste på godt vis. Berre redningspulken med slede kostar over 50.000 kroner, så det seier seg sjølv at ein er heilt avhengig av økonomisk støtte frå ulike hald. Me treng heile tida ei fornying av utstyret vårt for å kunne stilla på aksjonar – både vinter og sommar.

– Me prøver no å skaffa oss midlar til å kjøpa ein hengar som kan frakta begge snøscooterane. Sjølv om det er mogeleg å ta seg fram til dei fleste områda med utgangspunkt frå garasjen på Kleppa, er det langt frå hensiktsmessig i mange tilfelle. Ein hengar vil difor vera eit særs godt supplement til beredskapen vår. Denne vil me kunne nytta heile året, då me også har ein ATV med belte som må transporterast til ulike område.

Ynskjer fleire medlemmar

Grunna situasjonen med korona, har aktivitetsnivået i korpset vore på eit mindre nivå denne vinteren.

– Me hadde store planar for ulike aktivitetar denne vinteren, så det har ikkje blitt øva så mykje som me hadde ønska. Men det vil det bli høve til seinare.

Samtidig understrekar han at dei likevel har vore i beredskap og at dei nye snøscooterane har blitt brukt.

– Meer i beredskap heile tida, og er klare til å rykkja ut dersom me blir utkalla av enten AMK eller Politiet. Snøscooterane har også blitt testa i redningsaksjon, nokre få øvingar og til leigekøyring, før leiaren avsluttar:

– Nye medlemmar er alltid velkomne, og dersom du ynskjer å vera frivillig eller er nysgjerrig på kva det inneberer å vera med oss, så ta kontakt.

Artikkeltags