Det nyutvikla styringssystemet vil styrkja Hydro Årdal sin posisjon som produsent av lavkarbonaluminium, skriv Hydro i ei pressemelding.
Styringssystemet er utvikla av teknologimiljøet i Årdal og skal gje ei meir effektiv styring av aluminiumsproduksjonen. Saman med oppgradering av utstyr på elektrolysecellene, bidreg teknologien til auka produksjon, redusert straumforbruk og lågare CO₂-utslepp. Innsparingane vil vera på rundt 6 millionar kroner årleg.
Reduserer straumforbruket
– Det er inspirerande at Hydro Årdal kan gjera produksjonen av eit kritisk viktig materiale endå betre. Med denne investeringa reduserer me straumforbruk tilsvarande forbruket til over 400 husstandar i Noreg og CO₂-utslepp med 1500 tonn. Teknologien kan seinare takast i bruk på fleire verk og vil gje betydelege effektivitetsforbetringar, seier fabrikksjef på Hydro Årdal, Wenche Eldegard i pressemeldinga.
Styringssystemet skal installerast på den eine av to elektrolyselinjer i Årdal, og arbeidet byrjar i 2022. Dei første cellene skal vera klare med nytt styringssystem i løpet av 2023, og vil vera ein pilot for alle Hydro sine aluminiumsverk.
Fremtidsrettet teknologi
– HAL5000 er femte generasjon styringssystem utvikla i eit verdsleiande teknologimiljø i Årdal. Tiår med erfaringar, matematiske modellar og dataanalysar er bygd inn i eit system som gjev ei meir effektiv styring av produksjonen. Oppdateringa opnar for å ta inn fleire nye teknologielement og auka datafangst, som er avgrensa i dagens styresystem, seier Geir Sandnes, leiar for digital produksjonsstøtte i Hydro Aluminium Metal.
Dei siste åra har Hydro investert betydeleg på dei norske aluminiumsverka. Berre sidan 2017 har Hydro investert over 700 millionar i Årdal, i tillegg til det nye styringssystemet.
– Trass i krevjande tider i Europa og svekkjande marknader for aluminium, har me langsiktige ambisjonar i Noreg og på aluminiumsverka, noko fleire store moderniseringar på verka er eit symbol på. Med investeringa i Årdal forbetrar me oss for dei neste tiåra i Årdal, med det siste innan teknologi og digitalisering i aluminiumsindustrien, seier Wenche Eldegard.