Gå til sidens hovedinnhold

Investerer 23,5 millionar kroner på sentralsjukehuset – vil unngå hyppige maskinhavari

Helse Førde skal investera inntil 23,5 millionar kroner for å erstatte den eldste av to MR-maskiner ved Førde sentralsjukehus med ei ny, dobbelt så kraftig maskin.

Det vedtok eit samrøystes Helse Førde-styre måndag føremiddag.

– Med denne løysinga vil kvaliteten på diagnostikk bli betre, og ein kan gjera fleire typar undersøkingar enn i dag, skriv dei i ei pressemelding.

Bilete av indre organ

MR står for magnetresonans, og MR-maskiner framstiller digitale bilete av indre organ ved hjelp av eit sterkt magnetfelt og radiofrekvente bølgjer. Slike undersøkingar gjev spesielt god framstilling av endringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet.

I tillegg kan MR framstilla sjukdomsendringar i skjelett, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan inkludert tarmsystemet.

Helse Førde har fire MR-maskiner, fordelt på sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid og to ved sjukehuset i Førde. Den eldste av dei to MR-maskinene ved Førde sentralsjukehus er no 23 år gamal, og det er vedvarande problem med driftsstans på denne. Berre i fjor havarerte denne maskina to gonger, med omfattande og svært kostbare reparasjonar som følgje.

Betre kvalitet

På grunn av alderen har også reservedelar til maskina blitt ei utfordring.

– Bilet- og undersøkingskvaliteten er dessutan av ein slik art at maskina vanskeleg kan brukast som ei fullskala MR-maskin.

Ut frå dette har administrerande direktør Arve Varden konkludert med at det no er nødvendig å investera i ein ny MR som erstatning, og han fekk styret med på investeringa på møtet i Helse Førde 26. oktober.

Den nye MR-maskina ein skal kjøpa har dobbelt så kraftig magnetstyrke som dei eksisterande i føretaket. Maskina er i prinsipp lik dei eksisterande, men har større diagnostiske moglegheiter. Blant anna kan den brukast til diverse nevrologiske undersøkingar som ikkje kan gjerast med dagens maskinpark.

Slepp reisa til Bergen

Desse pasientane må i dag tilvisast andre sjukehus, i hovudsak Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Me skal tilby folk i vår område gode og framtidsretta diagnostiske tenester, ikkje minst innan viktige felt som kreftdiagnostikk, nevrologi, muskel- og skjelettlidingar, seier administrerande direktør Arve Varden.

– Dette blir mogleg med ei ny, kraftigare maskin i tillegg til dei tre andre.

MR-maskina som Varden foreslår, vil kosta drygt 17 millionar kroner, og vil i tillegg krevja nær seks millionar kroner i forsterka magnetskjerming og andre bygningsmessige tilpassingar.

Brukar overskotet

Investeringa er planlagt finansiert ved å bruka deler av overskotet Helse Førde har hatt dei føregåande åra, og skal ikkje påverka helseføretaket si bereevne i høve framtidige investeringar.

– I Helse Førde har vi hatt ein stor auke i bruken av MR i diagnostikken vår, og dette blir ei svært viktig oppgradering som vil koma store pasientgrupper til gode i åra framover, seier Arve Varden.

Kommentarer til denne saken