Gå til sidens hovedinnhold

Inntil ein halvtimes venting ved Årøytunnelen denne veka

Og frå neste veke vil fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo vera stengd i inntil ein time på dagtid.

Det har vore arbeid i fjellsida over Årøy sidan i mars ettersom fjellsida over fylkesvegen skal reinskast for lause massar, og det skal setjast opp eit fanggjerde for å sikra vegen mot nedfall av stein.

Les også

Minuttar etter dundrar steinblokka nedover skrentane. Difor er vegen rett under mykje stengt

Etter ei pause i arbeidet gjennom sommaren, er arbeidet starta opp att. Vestland fylkeskommune har kome med presiseringar kring opningstidene som dei først sende ut. Det som gjeld er følgjande: I veke 33 (som starta med måndag 16. august) pluss måndag 23. august vil det kunne bli inntil ein halvtimes ventetid og kolonnekøyring gjennom tunnelen, utan at det er sett eit fast tidsskjema.

Frå og med tysdag 24. august vil trafikkavviklinga følgja dette tidsskjemaet:

Opningstider:


Kl.07:00 – 09:00: ope for gjennomkøyring kvar halve og heile time
Kl. 09:00 – 15:00: ope for gjennomkøyring kvar heile time
Kl. 15:00 – 17:00: ope for gjennomkøyring kvar heile og halve time
Kl. 17:00 - 19:00: ope for gjennomkøyring kvar heile time

Det vil vera arbeid på strekninga frå måndag til og med laurdag, med fri ferdsel på søndagar.

Det blir også ein periode med nattestenging frå 30. august til 8. september, då blir det gjennomkøyring kvar heile time mellom klokka 19 og 6.

Arbeidet er venta avslutta i månadsskiftet september/oktober, opplyser fylkeskommunen.

Kommentarer til denne saken