Innstilt som nestleiar

FØRSTE NESTLEIAR: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er innstilt som første nestleiar for Venstre.

FØRSTE NESTLEIAR: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er innstilt som første nestleiar for Venstre. Foto:

Sveinung Rotevatn (32) frå Nordfjordeid er av valkomiteen innstilt som første nestleiar i Venstre.

DEL

NRK melder at valkomiteen i Venstre samrøystes innstiller på at Trine Skei Grande skal halda fram som partileiar.

Dette trass i at fleire lokallag har bede ho om å trekkja seg.

Rotevatn, som er klima- og miljøminister, er innstilt på første nestleiar medan Abid Raja er innstilt som andre nestleiar.

Gunhild Berge Stang, frå Fjaler i Vestland fylke, er vald inn i sentralstyret.

Alfred J. Bjørlo, frå Eid i Vestland fylke, vart direktevald til landsstyret.

Artikkeltags